
Hjem til jul
Home for Christmas, eller Hjem til jul, er ein norsk serie på Netflix med Ida Elise Broch. Ho spelar den cirka 30 år gamle Johanne som er einsleg, som den einaste i familien. Ho er lei av å sitje på enden av bordet i lag med dei yngste nevøane sine. På grunn av dette og stadig mas frå familien om ein kjæraste, lyg ho på seg ein som ho lovar å ta med heim til jul.
Seks episodar på ein halvtime går fort unna. Home for Christmas er ein herleg og morosam serie. Han evnar til å vise kjensler, reflektere og tulle med ting. Godt skodespel med Ida Elise Broch i spissen er vesentleg. Både ho og dei andre karakterane i filmen er godt skrivne, slik at dei ikkje glir inn i ei stereotypisk form.
Serien er filma på ein måte som gjer at han minnar meg om julekalenderseriar. Han er rik på stemning, og det verkar ekte. Sjølv om mesteparten av handlinga går føre seg på få stader, verkar ikkje serien som ein avgrensa produksjon.
Eg har med vilje styrt unna juleseriar på Netflix i 2019, med unntak av Home for Christmas fordi han var interessant som ein norsk serie. Julefilmar er ein ting, men å få med meg mange nye seriar har eg ikkje kapasitet til. Det einaste eg er i nærleiken å kunne samanlikne dette med, er tidlegare sette julekalenderseriar. Og det er ikkje Home for Christmas. Serien får for meg ein unik posisjon enn så lenge. Men uavhengig av sjanger vil eg anbefale han.
Som ein liten påslengar på slutten vil eg nemne at eg også har sett andre sesong av denne serien. Takka vere måten serien held fram på, får eg mykje bra ut av denne andre sesongen også. Det er noko med å bevare litt av mystikken, ved å ikkje informere oss for mykje eller ta historien for langt vidare. Og viss Home for Christmas held fram med det, vil også ein tredje sesong kunne levere godt tenker eg.