Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hostage (2025)

Hostage

Serie
3

Hostage blandar politisk drama, familietrøbbel og thriller. Det fungere sånn passe.

Serien byrjar lovande. Det er ein britisk statsminister i trøbbel. Det er ein krevjande allianse med Frankrike. Og folk står i fare på grunn av medisinar.

Suranne Jones gjer det greit hovudrolla, men ho er ikkje ein skodespelar eg løftar augebryna spesielt av her. Serien tek fleire ville vendingar. Og det er mykje fridom i kor lett noko kan vippast i feil retning. Så eg er ikkje med på notane heile tida.

Kor mykje du trur på vendingane, har mykje å seie her. Ashley Hurst på What’s on Netflix (whats-on-netflix.com) opplever historia som truverdig og rosar samspelet mellom Suranne Jones og Julie Delpy. Han reagerer først og fremst på at fleire vendingar er føreseielege. Eg opplever dei heller som for ville. Det er ein ganske stor skilnad, sjølv om me begge ser at serien prøver å halde spenninga oppe heile vegen.

Dette er underhalding som forsøker hardt. Serien vil vere mykje. Han treff nok ikkje heilt blink i nokon sjanger.

Karakterane kjem sjeldan til live, særleg dottera til hovudpersonen, som for det meste fungerer som eit forstyrrande og irriterande element. Men ho tek sopass mykje plass at det går ut over serien.

Det er fem episodar, og dei går i grunn fort unna. Du rekk å sjå alt på ein kveld om du har tid. Men ikkje forvent for mykje.

Eg blei sittande att med tanken om at dette var greitt mens det varte, men ikkje heilt det store.