House of Lies - Filmdagbok

House of Lies 2012

Showtime-serien House of Lies er solid tidsfordriv, men fell kort til å utmerke seg som ein spesielt god serie på andre måtar.

Me følger ei gruppe viss kjerna består av fire personar tilsett i eit konsulentbyrå. Deira kundar er leiarar, som dei seljer dyre konsulenttenester til. Gjerne råd og tips som er opplagte, og difor noko dei bak ryggen til kunden ler godt av å tene store pengar på.

Serien har filmstjernene Don Cheadle og Kristen Bell, og seriestjernene Ben Schwartz og Josh Lawson i hovudrollene. Gode skodespelarar, i noko varierande roller.

Kva som er bra, og kva som er mindre bra? Serien har ofte eit godt drama, spesielt knytt til karakteren til Don Cheadle sin familie. Han er vittig og uhøgtideleg, og har mykje humor i det som blir framstelt som kameratsleg erting.

Men det er svært mykje overflate og overdrivne forsøk på å vere dryg på ein kul måte. Dette fell ofte gjennom, heldigvis er ikkje fallet spesielt høgt. Dei raude trådane knytt til verksemda til forretninga er for enkle historier.

Det største minuset med serien er derimot korleis han flagrar over heile linja i kva han eigentleg ønsker å formidle. Det er motseiingar i bøtter og spann, og serien vitnar om å vere ei ettergivande tilnærming til oppfatninga folk har av ein bransje for å vinne popularitet, kombinert med ei dårleg forståing av verkelegheita. Her har me altså ein gjeng som blir hylla når dei gjer dårlege val, men blir kritisert for å tene pengar.

Men eg likar altså komedien, og serien er tvers over så lett å ta til seg og passe krydra med morosame augneblinkar. Nok til at eg lett skummar gjennom, sjølv om det i blant blir berre med eit halvt auge.