Hopp til hovedinnhold
Plakat for House of Saddam (2008)

House of Saddam

Serie
3

House of Saddam er eit dokudrama frå 2008 som handlar om Saddam Hussein. Om vegen til makta og fallet hans. Serien består av fire episodar på omtrent ein time kvar.

Dei fire episodane tar for seg fire tidsperiodar. 1979, 1988, 1995 og 2003. Som ein smakebit på kva denne mannen stod for og gjorde, er det interessant. Men trass i alt formidla som fiksjon, og dermed alltid diskutabelt i dokumentarisk forstand. Det er for så vidt andre dokumentarar også, men meir om det ein annan gang.

For meg overskuggar heile greia med å skulle vere eit dokudrama verdien i å fortelje dette på ein måte som gjer det til ein serie å leve seg inn i. Eg klarar aldri å investere meg sjølv skikkeleg, og oppbygginga av episodane er også noko kjedeleg i sitt firkanta kronologiske oppsett.

Oppdelinga i fire utvalde tidspunkt er derimot ein styrke for Jason Bailey på DVD Talk (dvdtalk.com). Han meiner grepet fungerer godt, og finn eit sterkt familiedrama i rivaliseringa og svika rundt Saddam Hussein. Der klarar han å investere i personane på ein måte eg ikkje gjer. Eit interessant emne og eit gjennomtenkt utval av hendingar hjelper lite når sjølve forma held meg på avstand.