Hopp til hovedinnhold
Plakat for How to Make It in America (2010)

How to Make It in America

Serie
4

HBO-serien How to Make It in America fekk to sesongar på seg. Dette var nok til at eg etter kvart blei hekta, kunne tenke meg meir, men samtidig er glad for at serien gav seg på topp.

Det handlar om ein fyr som går inn for å lage jeans. Dette er ein knallhard marknad å få innpass på. Kunnskapen om denne bransjen er ikkje hovudkarakteren og partner og vennen hans si sterke side. Men dei gir seg i gang. Det blir mykje prøving og feiling, men samtidig er dette ei skildring av ein systematisk prosess med pågangsmot.

Å starte ei forretning og lykkast kan by på inspirerande og interessant fiksjon. How to Make It in America klarar etter mi meining å behandle tematikken på ein god måte. Enkeltvis er ikkje dette dei mest innhaldsrike og beste episodane, men sett saman er dette er sak som er lett å like og lett å bli hekta på.

Phillip Maciak på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner andre sesong handlar like mykje om å finne seg til rette i vaksenlivet som om å lykkast med klede. Han likar at ambisjonane blir tekne alvorleg utan at personane berre blir figurar i ein suksessfantasi. Det er mykje av grunnen til at eg blir hekta. Prøvinga og feilinga gir historia retning, men det er folka som gjer at eg vil følge forsøket vidare.