Eg kan ikkje unngå å føle meg litt tom innvendig, for når eg har følgd ein serie i eit og eit halvt år, så set det sine spor. Serien Huff, som er produsert av, og går på Showtime (USA), starta å sende i november år 2004.
Huff er kort for Huffstodt, og kallenamnet til einbarnsfaren og psykologen Dr. Craig Huffstodt. I tillegg til den smarte sonen hans, har han ein schizofren bror, ei mor som er litt for glad i alkohol, ein advokatvenn som er litt for glad i festing og rusmiddel, samt ein far som reiste sin veg når han var ung. Nok av problem å gripe fatt i her. Og det blir ikkje betre når ein av pasientane hans skyt seg sjølv i hovudet på kontoret hans. Den utløysande faktoren som får det til å tippe over. Slik starta første sesong.
Med forventingar om at serien skulle fortsette på same nivå som første sesong hadde, vart eg dessverre skuffa etter kvart som vekene gjekk. Det vart så kjedeleg etter ei stund at eg faktisk gav opp, og eg kom ikkje på at eg ikkje hadde fullført sesongen før to veker etter han var avslutta. Eg sette meg difor ned for å sjå dei fire siste episodane, som igjen fekk meg til å sette pris på Huff som den serien han ein gong var.
Mot slutten av første sesong var det usikkert om Showtime skulle fornye serien, og det var difor ikkje noko bombe at han ikkje blei fornya for ein tredje sesong. Eg stiller meg for så vidt positiv til at det ikkje kjem ut meir, for eg føler serien ikkje har noko meir av interesse å fordjupe seg i. Likevel om serien har gjort at eg har fått opp auga for skodespelaren Oliver Platt, som spelar den festglade advokatvennen Russell, har han eigentleg ikkje bidratt med så mykje. Eg trur faktisk rollefiguren Russell er hovudårsaka til at denne serien i heile tatt har vore artig å følge med på.
No skal seiast at resten av serien har augneblinkane sine innimellom, og spesielt mot slutten skjer det veldig mykje. Eit fenomen som også fann stad i sesongavsluttinga til første sesong, med ein av dei betre opne avsluttingane eg kan komme på. Det er tydeleg at produksjonsselskapet har skjønt at serien ikkje hadde noko framtid, og det er lagt god vekt på ei gradvis nedtrapping mot slutten, likevel om nokon trådar forblir uløyste.
Andre sesong fokuserer meir på kjente av familien som er kjerna i serien, og dette er grunnen til at eg føler at store delar av sesongen berre står i stampe. Utgangspunktet for at eg heldt frem å sjå serien, i tillegg til den fantastisk artige skodespelaren Oliver Platt, var at eg tykte familien Huffstodt hadde interessant problem. Det er difor ikkje rart at eg blir skuffa når meiningslaust grums dukkar opp heile vegen. Konklusjonen blir dermed at du ikkje går glipp av noko, så lenge du ser ein episode eller to for å oppleve Oliver Platt på topp.