Ray Drecker (Thomas Jane) er lærar og fattig. Han treng ei ekstrainntekt og blir prostituert, den einaste som sære Tanya Skagle (Jane Adams) er pimp for.
Dette er tre sesongar med Hung oppsummert i eit avsnitt. Serien siktar ikkje høgt, og bommar sjeldan. Det er lite god handling, meir humor og endå meir knulling. Det er HBO sitt svar på Californication.
Like lite som serien handlar om har eg å sei om han. I byrjinga følgde eg Hung fordi det var artig. Andre og tredje sesong følgde eg fordi Hung er ein kort serie. Kvar sesong er på ti episodar under halvtimen lange. Terskelen er sopass låg med tanke på å slå i hel ein kveld, ein gong i året.
Viss det høyrest ut som Hung er ein langdryg serie utan lyse sider, så er ikkje det et helt korrekt bilde. Hung er ei grei tidtrøyte, berre utan særleg substans. Tredje sesong er nok mest prega av dette, og trekk ned totalen.