I, Claudius - Filmdagbok

I, Claudius 1976

I, Claudius er ein eldre, prisgitt serie om Claudius frå Julio-Claudian-dynastiet, som utgjorde dei første fem keisarane av det romerske riket. Han var kjent for å stamme, halte og framstå som dum, men var etter serien å dømme langt smartare enn dei fleste trudde.

Serien tar for seg epoken frå keisar Augustus, den første av dei fem, til og med døden til Claudius og overlatinga av keisartittelen til Nero. I mellomtida regjerte også Tiberius og Caligula. I løpet av tolv episodar følger me den dryge historia om kampen om å bli keisar. Eit Roma full av plotting, forgifting, incest, utruskap, drap, maktsjuke og så vidare. Det er ikkje grenser på kva I, Claudius byr på.

Mitt førsteinntrykk baserte seg på produksjonen, og eg var smått i tvil om dette var verdt tida. Samanlikna med ein nyare serie er dette avgrensa til innandørs og til få rom. Med få unntak. Og tempoet på individuelle scener var heller ikkje det heilt store. Men det tok ikkje lang tid før serien etablerte og viste sine gode sider. Rask forflytting i tid mellom enkelte scener og episodar, og at den store mengda snakk er interessant og godt gjennomtenkt. Dette er høgdepunkta frå tidsperioden og lite meir. Når det attpåtil har historiske røter blir det ekstra interessant.

Den einaste kritikken eg har å komme med går altså på form. Serien er datert og det blir merka på forma. Men dette forblir ein merknad, og ikkje ein del av mi totale vurdering av serien. Me får fortalt heile tidsepoken frå ståstaden til Claudius som gammal mann. Sjølv om eg ventar på utfallet i siste episode heile vegen, er det ingenting av det som skjer undervegs som kjennest som tomt fyll av tida på vegen. Stort sett alle historiene og personane er gode, og bidrar til at totalen er god.