
I Will Find You
I I Will Find You er handlinga lagt til USA. Dei tidlegare seriane basert på Harlan Coben, laga til Netflix, har handlingane konsekvent blitt flytta til Storbritannia.
Serien på åtte episodar handlar om David Burroughs. Han er ein far som sonar ei livstidsdom for drapet på sonen sin. Det er eit brotsverk han hevdar at han ikkje har gjort. Så får han bevis som tyder på at sonen kanskje er i live. Det er eit godt utgangspunkt.
Det er ei type handling der alt heng saman. Kanskje ikkje alltid på den måten du trur. Serien veit å spele på det. Kvar ting fører handlinga vidare. Ingen detalj er tilfeldig. For det meste fungerer det. Sjølv om serien har eit stort nett av figurar og omstende, så heng det saman.
Tilfeldige møte skjer i blant litt for høveleg. Folk dukkar opp akkurat når dei trengst. Politiet og FBI resonnerer seg fram til ting med ei imponerande hastigheit.
Det er lett å bli oppslukt av eit mysterium sjølv om ikkje alt heng like godt saman. Adam Thompson på Only Good Shows (onlygoodshows.com) peikar på noko av det same. Han meiner serien er spennande, men at fleire av vendingane utfordrar truverdet. Det er kanskje dette Harlan Coben har blitt så god på. Han får oss til å akseptere ganske mykje så lenge me heile tida lurer på kva som skjer vidare.
Måten serien bygg seg opp på er godt synleg, men spenning er formålet. Og det oppnår serien.
I Will Find You er ikkje ein serie eg kjem til å hugse som eit høgdepunkt på sikt. Men det er god Harlan Coben.
