
KAOS
Eg trudde ikkje KAOS kom til å passe meg. Serien såg så full av seg sjølv ut, og så overdriven i det visuelle. Gresk mytologi i ei moderne ramme er også ein kombinasjon eg har erfaring med at sjeldan lykkast. Men her treff det godt.
Gudane er verkelege og styrer ei verd som liknar vår, utan å vere heilt den same. Zeus (Jeff Goldblum) fryktar å miste makta, medan menneske og andre gudar blir del av historier som knyter jorda, Olympus og underverda saman.
Eg likar framstillinga av denne verda. Både gudane og underverda fungerer som delar av eit univers som faktisk har noko å gi, utover å plassere kjende namn i moderne klede. Det blir ein passe original idé som held meg interessert.
Ross McIndoe på Slant Magazine (slantmagazine.com) er langt mindre positiv. Han meiner karakterane ikkje kjennest som om dei høyrer til i den same verda, og at serien ikkje finn ei klar nok retning. For meg heng kombinasjonen betre saman.
Det avgjerande er at karakterane er gode og interessante nok over tid. Då får det overdrivne også ein funksjon som underhaldning, i staden for berre å stå i vegen. KAOS overraska meg med kor godt eg likte han. Dette blei mykje betre enn det første inntrykket lova.
