Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ke$ha: My Crazy Beautiful Life (2013)

Ke$ha: My Crazy Beautiful Life

Serie
2

Eg har sansen for den fartstfylte og uunnskyldande popmusikken til Kesha. Til den grad at eg sette i gang med MTV-serien om kvinna, utan dei store vonene. Det meste eg håpa på var at serien var krydra med musikken til Kesha, og det var han.

Det handlar både om hennar private og offentlege liv. I løpet av to sesongar blir me med ho rundt i form av opptak som i stor grad er gjort av hennar bror.

Det er i hovudsak overflatisk eller lite interessant. Og alt er sett saman i typisk MTV-stil, med vekt på form og ikkje innhald. Men så er det litt musikk innimellom, og det er nok til å få meg gjennom dei relativt få episodane.

Michael Tyminski på Manhattan Digest (manhattandigest.com) fekk eit langt betre inntrykk av serieopninga. Han finn ei interessant veksling mellom artisten og privatpersonen, men meiner konsertmontasjane tek for mykje av den korte speletida. Eg har nesten det motsette utgangspunktet. Det er musikken eg kjem for, og musikken som gjer at eg held fram, medan portrettet rundt stort sett ikkje blir interessant nok til å stå på eigne bein.