
Knekt
Knekt byrjar ganske bra. Eg finn noko å le av, og ei stund verkar det som dette kan bli ein serie eg har glede av. Så går det fort nedover.
Tre barndomsvenner frå Sarpsborg startar eit ulovleg kasino. Dei vil tene pengar og få eit anna liv. Suksessen gir dei også fleire problem, og det blir stadig vanskelegare å halde styr på det dei har sett i gang.
For meg blir serien ein nedgåande spiral også som oppleving. Det negative får meir og meir plass, medan eg mistar det som gjorde starten litt morosam. Det er ikkje nok at situasjonen til menneska blir verre for at det automatisk skal bli interessant å sjå.
Tor Aavatsmark er hard i omtalen av dei fire første episodane på Lyd & Bilde (lydogbilde.no). Han reagerer mellom anna på kor karikert Henrik Mestad si rolle er. Der er eg ikkje med han. Henrik Mestad er nettopp lyspunktet mitt i denne serien.
Det held berre ikkje at éin skodespelar gir meg noko å glede meg over. Eg hadde eit betre inntrykk i starten enn det eg blei sittande igjen med. Knekt mistar meg på vegen, og finn ikkje noko som veg opp for det.
