Ein solid norsk serie er eit fint avbrekk blant ei rekke amerikanske som eg vanlegvis ser. Det er noko med ein norsk serie som blir opplevd som så mykje nærare, og dermed kan treffe på ein annan måte. Dette noko er sjølvsagt språk, kjent kultur og kjente omgivnader.
Dette er også grunnen til at eg ofte styrer unna norske seriar og filmar. Det er ikkje alltid eg vil ha denne nærleiken om produktet ikkje er godt nok. Samtidig som eg har sett så mykje utanlandsk at eg får både kvalitet og nærleik til kulturen i eksempelvis amerikanskprodusert innhald.
Men Koselig med peis er saka her. Ein serie om ein 36 år gammal mann som ikkje vil bli vaksen, fordi han er redd for å bli som den fæle faren sin. Det er humoristisk og dystert. På mange måtar typisk norsk, og fint i små doser. Men denne norske negativiteten er ikkje noko eg ønsker for mykje av.
Så Koselig med peis er både ein knallgod og morosam serie, og ein tematikk eg stort sett styrer unna. Det er ingen motseiing i dette. Gjentaking er å hamre inn noko dystert for mykje. Å sjå noko som dette innimellom er eit unntak, og med ein avstand som følger med å sjå eit unntak, har eg det bra.