
Kristiania magiske tivolitheater
Julekalenderen frå NRK i 2021 handlar om ein liten gut i Kristiania på starten av 1900-talet. Serien hadde eit budsjett på 82 milionar kroner, og er sant nok prega av god produksjonskvalitet. Det kostar å lage seriar i vår tid.
I løpet av dei vante 24 episodane som ein julekalender varer får me følge guten Luka og hans eventyr inn i tivoli- og teaterverda. Livet er ikkje lett i den fattige delen av byen, men nokre lyspunkt er det.
Dette er kurant underhalding, både for barn og vaksne. Litt for enkelt i blant, og det skjer ikkje alltid så mykje. Men andre stunder så glimtar serien til med både god musikk og historieforteljing.
Kristian Ditlev Jensen på Filmmagasinet Ekko (ekkofilm.dk) er også kritisk til dei enkle motsetningane mellom fattige og rike, men rosar kulissane, musikken og barnerollene. Omtalen hans bygger på tre episodar. Det gir eit godt perspektiv på det eg likar og saknar. Innpakkinga og dei kunstnarlege innslaga kan vere sterke, sjølv når historia i blant blir for enkel.
