Hopp til hovedinnhold
Plakat for Krypto Kings (2023)

Krypto Kings

Serie
3

I første sesong av Krypto Kings møter me to venner som fleire år etter konfirmasjonen, oppdagar at pengane dei då fekk og investerte i krypovaluta har blitt til svimlande 1,6 milliardar kroner.

Denne uventa høge pengetilførsla får følger for levestil og prioriteringar. Men er alt i alt hyggeleg framstilt og artig som resultat.

Det er små historiar som skyv serien framover. I blant blir det litt for langdryge. Her tenker eg serien fint kunne ha fått litt forgang i forløpa, og heller spedd på med fleire historiar. For det er humoren som er kjerna her og grunnen til at dette er noko å sjå på.

Slik held eigentleg andre sesong fram også. Det er litt tynnare, sidan det ikkje lenger er så mykje nytt som skjer. Og dei raude trådane er lengre og for lange. Eg skulle gjerne hatt litt meir variasjon og spissare framstilt komedie. Det beste eg kan seie om andre sesong er at det går sin gang. Og at han er lett å sluke fordi episodane er korte og få.