Hopp til hovedinnhold
Plakat for La Casa de Papel (2017)

La Casa de Papel

Serie
3

Det starta litt tregt, men etter nokon episodar begynte historia verkeleg å bli interessant. Dei to historielinjene som er fletta saman og som kvar har sine problem er spennande, med ranarane inne i bygningen og professoren som har med politiet å gjere.

På slutten at ein episode vil du gjerne tenke korleis det skal gå. Kunne professoren føresjå kva som vill skje? Det var også interessant å få perspektivet til politiet undervegs. Ein actionfylt, velskriven historie med godt skodespel. Absolutt verdt tida.

Skribenten på The Writers’ Room (writersroomreviews.wordpress.com) meiner spelet utanfor bygningen er endå meir interessant enn sjølve ranet. Professoren si blanding av intelligens og klønete framferd får særleg ros, og meldinga av første sesong meiner tempoet blir betre undervegs. Det er eit godt tillegg til dei to historielinjene eg likar. Planen er spennande, men det er like mykje uvissa om menneska som held interessa oppe.

Serien er også kjent som Money Heist og Papirhuset.