Las chicas del cable - Filmdagbok

Las chicas del cable 2017

Den spanske dramaserien Las chicas del cable byrjar som ein serie med foten innanfor såpeseriesjangeren, men avsluttar som ein slags krigsserie. Undervegs er han innom så mangt, at eg ikkje kjem til å gå så mykje inn på handlinga anna enn ho som er i byrjinga av serien.

Det byrjar med at nokre unger kvinner søker jobb hjå eit telefonselskap. Dei blir fort ein samansveisa gjeng. Den eine har ein fæl mann. Ei anna har ei kriminell fortida og har bytt namn. Ei tredje kjem frå landsbygda. Og ei fjerde er ei rikmannsdotter som vil meir enn å leve på pengane til familien.

Kvardagen på sentralbordet hjå telefonselskapet er fullt av intrigar. Her er det kjærleik, vald, krim og maktkamp i store dosar. Skaparane av serien er dei same som til Gran Hotel, Velvet og Alta mar. Det betyr ei viss grad av føreseieleg handling, på den dryge måten som er artig å avsløre undervegs. Trur du at ein karakter skal seie ein bestemt replikk, så har du sannsynlegvis rett.

Serien når ikkje opp til Gran Hotel, som var mitt første møte med spansk dramaserie. Det er ikkje så mykje såpeseriepreg av Las chicas del cable, men det er berre i samanlikning mellom dei to eg kan seie det.

Etter kvart som dei første sesongane har gått sin gang så utviklar serien seg til å gå vekk frå telefonselskapet. Det verkar som serieskaparane vil skape noko seriøst og med tyngde. Det blir derimot ikkje det beste resultatet. Eg sat nok med ei forventing om at serien skulle vende tilbake til det han var, men turen innom spansk historie blei varig fram til slutten.

Serien har engelsk tittel Cable Girls.