
Le Bureau des légendes
I denne serien om fransk etterretningsteneste følger me tilsette frå felten i mange forskjellige land og kontoret i Paris. Serien er på fem sesongar, og har nye oppdrag i søkelyset kvar sesong. Det er mange av dei same personane som går igjen, men med ulike vekting i kor mykje me følger dei. Pluss både forfall og tilkomst av nye. Le Bureau des Légendes er ein spennande og oppslukande serie. Det er god og jordnær spionthriller. Serien kan dra det langt i blant, og er ikkje fri for litt humor, men det blir stort sett opplevd som ekte innanfor sitt etablerte univers.
Den jordnære tilnærminga er òg det Daniel Stepniak rosar i omtalen av dei tre første sesongane på Perspectives (danielstepniak.com). Han framhevar at dette er tilsette med feil, privatliv og mykje byråkratisk arbeid, og meiner det gjer serien endå meir oppslukande. Eg kjenner att den opplevinga. Det er nettopp kvardagen rundt oppdraga som gir spionhistoria mykje av truverdet hennar.
