Hopp til hovedinnhold
Plakat for Life (2009)

Life

Serie
4

Life er en både fin og god dokumentarserie frå BBC. I løpet av ti episodar blir ulike livsformer på jorda presentert. Frå planter til dyr. Kvar episode tar for seg interessante historier innanfor sine tema. Gjerne unike artar med spesielle evner eller løysingar.

På ein rik måte får me over tid eit innblikk i både samansetninga og variasjonen av liv, i tillegg til at innslaga som utgjer ein episode er gode i seg sjølv.

Som med sin smått legendariske forgjengar Planet Earth, så er Life ei visuell oppleving av dei betre. Med den karakteristiske stemma til David Attenborough som ordlegg og utdjupar alt som skjer. Lærerik, observerande og fin å bruke litt tid på.

I omtalen av den amerikanske utgåva på The TV Obsessed (th3tvobsessed.blogspot.com) blir balansen mellom informasjon og bilete framheva. Skribenten meiner serien lærer bort nok til at me forstår det me ser, utan at forklaringane tek over for opplevinga. Det er også noko av det fine med utgåva eg har sett. Dei enkelte historiene får vere spennande i seg sjølve, samstundes som eg sit igjen med eit rikare inntrykk av livet på jorda.