Så gav eg Life on Mars ein ny og rettferdig sjanse etter å ha surra forbi første episode av serien tilbake i februar år 2006 og gitt han opp. Som så mykje anna det aldri er tolmod nok til å følge med på.
Takk til dei grå hjernecellene mine som overtalte meg til å lytte på musikken til David Bowie tidlegare i haust. Med songen Life on Mars frisk i minne blir første episode av serien foreviga som ein av dei betre tv-opplevingane mine. Måten songen er fletta inn i alt frå tanke til bilde og handling på er reint magisk. Nesten meir magisk enn at Sam Tyler hamnar tilbake i 1973 utan å helt skjønne kvifor eller kva som skjer.
Etter ei bilulykke hamnar Tyler (John Simm) altså gode 33 år tilbake i tid. Politimann som han er har han fått jobb på ein politistasjon i Manchester der ting blir gjort på gamlemåten. Dei moderne ideane hans kjem han ikkje alltid like langt med. Ein kombinasjon av nytt og gammalt gjer Life on Mars til ein frisk politiserie med ekstra futt.
Viktig er sjølvsagt aspektet ved tilvære til Tyler. I staden for å vere ei tynn sidehistorie spelar komaen inn på alle sider av serien. Enten det er stemmer frå 2006 i radioen, eller politisaker som har direkte påverknad for liv og død for komaen til Tyler i 2006. Men som den Tyler me blir kjent med, han som er i 1973, får me aldri innblikk i verda utanfor. Utan at eg klagar av den grunn, 1973 verka som eit fint år. Life on Mars er heller ingen David Lynch-type serie med uforståelege idear på kryss og tvers.
Stort sett likte eg dette. Det var nokon småting å sette fingeren på her og der. Etter kvart som eg blei meir oppslukt la eg mindre merke til småtinga. Det er nok av sider ved Life on Mars som kan bli analysert. Hjernen min arbeidde meir enn eg opplever med andre seriar. Utan at eg nødvendigvis klarte å finne svar på alle spørsmåla eg stilte meg undervegs, hadde eg stor glede av djupna til serien.
Utover dei åtte episodane som utgjorde første sesong blei eg stadig meir glad i Life on Mars. Andre sesong tar Sam Tyler, Gene Hunt og resten av politiavdelinga vegen til slutten.
Forutan dei to siste episodane er andre sesong ei vidareføring av oppskrifta brukt i første sesong. Det fungerer godt, men eg merka at eg blei stadig meir utålmodig og ville eigentleg berre sjå ein slutt. Dei enkelte episodane er gode nok. Greia er at eg ikkje merkar noko drivkraft på tvers av episodane. Det går litt i stampe.
Vinglinga frå ei meining til ei anna på dette område får meg ikkje bort i frå at serien på sitt beste er knallsterk. Både når det kjem til karakterutvikling, miljøskildring og energi. Sluttar på seriar som går over fleire sesongar er eit lite minefelt. Eg skulle gjerne ha sett at fleire trådar blir avslutta på ein måte som er ein serie verdt. Dette løyser Life on Mars utmerka godt og med tid og stunder vil nok eg hugse serien for dei gode sidene.
BBC har nyleg starta opp ein avspinnar som heiter Ashes to Ashes. Her er det ei kvinneleg politidame frå 2008 som etter ei ulykke vaknar opp i 1981, og neimen er det ikkje Gene Hunt, Chris Skelton og Ray Carling som er her og. Noko som har med å gjere at kvinna, Alex, har sett seg inn i rapportar som Sam Tyler skreiv. Det blir spennande å sjå kva denne serien kan bringe.