
Life on Our Planet
Life on Our Planet er pen å sjå på. Serien prøver å fortelje historia om livet på jorda, og har mykje bildearbeid å bruke når han skal vise det som ikkje lenger finst.
Dette er naturdokumentar med ein stor del dataanimasjon. Utdøydde dyr og gamle landskap blir sette saman med opptak av naturen slik me kjenner henne. Serien kan dermed gå mellom liv som finst no og skapningar det ikkje er mogleg å filme.
Jack Seale etterlyser meir informasjon og færre store ord på The Guardian (theguardian.com).
Eg får litt lærdom av dette, men det er først og fremst den visuelle opplevinga eg merkar meg. Blandinga av dokumentar og animasjon gir mykje å sjå på. Ein kurant serie som viser fram livet på jorda i eit format der også den svært fjerne fortida kan få bilde.
