Hopp til hovedinnhold
Plakat for LIS (2026)

LIS

Serie
3

Etter to sesongar av LIS er eg ferdig. Serien har gode stunder, og noko av dramaet fungerer. Men dei uprofesjonelle vala til rollefigurane har blitt slitsame å følge.

LIS er forkortinga for lege i spesialisering. Me følger fire unge legar som må handtere etiske dilemma i eit system som er pressa til det ytste.

I første sesong var det situasjonane som bar serien. Kvar episode baud på drama. Innimellom kom lettare innslag som dempa stemninga, som regel utan å øydelegge alvoret. Produksjonen kjendest solid og gjennomarbeidd. Sjangeren var velkjend, men eg opplevde ikkje at serien berre brukte han mekanisk.

Problema låg meir hos rollefigurane. Situasjonane var gjennomtenkte, men figurane klarte ikkje heilt å fylle dei. Det var vanskeleg å sette fingeren på kva som mangla. Kanskje kom eg aldri heilt under huda på dei.

Rose-Marie Christiansen fekk betre kontakt med menneska i første sesong på Rose-Maries litteratur- og filmblogg (rosemariechr.com). Ho framhevar korleis presset frå systemet formar legane og forholda mellom dei. Eg fann situasjonane engasjerande, men fekk ikkje den same kontakten med dei som stod i dei.

Andre sesong har også nokre gode stunder. Eg likar delar av dramaet mellom menneska. I alle fall når det kjem noko nytt, og ikkje berre blir ein repetisjon av det serien alt har vore gjennom.

Det eg likar mindre, er å sjå rollefigurane ta uprofesjonelle val. Gong på gong. Då blir eg meir sliten enn engasjert. Eg kan vere med på at unge legar gjer feil under press. Men dramatikken fungerer ikkje for meg når dumme handlingar stadig er det som set henne i gang. Etter to sesongar har eg fått nok av det.