Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lizzie McGuire (2001)

Lizzie McGuire

Serie
2

Disney-serien Lizzie McGuire var gjennombrotet til Hilary Duff som skodespelar. Serien er ikkje spesielt djup eller spesielt god, men litt komikk byr han då på i blant.

Det handlar om små problem og situasjonar som oppstår i livet til ei tenåringsjente, hennar venner og ein dysfunksjonell familie.

Dette er ein serie som verken går for å utfordre eller skilje seg ut, men som på alle måtar baserer seg på glansbilde av ein amerikansk familie, berre påført nokre rare sider.

I DVD-omtalen av dei 22 første episodane på DVDizzy (dvdizzy.com) finn skribenten både humor og noko oppriktig i dei tidlege historiene. Omtalen er mindre begeistra for den meir einsarta retninga serien seinare tok. Eg får mindre ut av han også i utgangspunktet. Nokre komiske innfall er ikkje nok til at dette blir særleg interessant.

Eg kan på ingen måte anbefale serien vidare.