- Filmdagbok

Lonesome Dove

Lonesome Dove frå 1989 er ein miniserie på fire episodar. Kvar episode er ein og ein halv time lang. Så dette er som å sjå filmar på rad. Historia er omfattande, med mange karakterar, lokasjonar og handling som går over fleire år. Produksjonskvaliteten er stort sett god, men idyllen blir broten av nokre unødvendige og dårlege spesialeffektar. Utover det er serien ingenting å klage på, men heller til anbefaling.