Sett i lys av sin forgjengar frå 2004, Long Way Round, så oppnår ikkje Long Way Down den same spenningen og utfordringa. Men på andre måtar er dette eit eventyr som er likeverdig.
I denne dokumentariske serien legg Ewan McGregor og Charley Boorman ut på motorsykkeltur frå nord i Skottland til sør i Sør-Afrika. Dei tar vegen om Italia, Tunisia, Egypt, sørover og tvers over til Skjelettkysten og så inn i Sør-Afrika. Med mange land og opplevingar på vegen.
Sjølv om dette er ein uvanleg måte å reise på, så møter dei på vanlege folk og får eit innblikk i liv og kulturar på langs av Afrika. Dette er både uformelt, framstår som meir ekte og upolitisk enn dei fleste dokumentarar. Det er fantastisk.
På denne måten er Long Way Down mest ei forlenging av Long Way Round, enn ei gjentaking. Blant dei to held eg ein knapp på den første serien, ettersom han framstod som vanskelegare å komme gjennom og meir full av farar, men det er eit tett løp.