Long Way Round - Filmdagbok

Long Way Round 2004

Vennene og skodespelarane Ewan McGregor og Charley Boorman bestem seg for å legge ut på ein motorsykkeltur rundt jorda. Dei planlegg i fleire månader, og legg så ut på ein krevjande tur som startar i London og avsluttar i New York. På vegen køyrer dei austover gjennom Europa, Russland, Kasakhstan, Mongolia, Canada og USA. Ikkje nødvendigvis i den eksakte rekkefølgja.

Det er ikkje akkurat dei beste vegane frå og med Kasakhstan til og med siste stopp i Russland som er byen Magadan. Grus, sand, øydelagde bruer, gjørme, og myr er blant dei verste fiendane, og dei beste årsakene til spenning. Eg var ikkje førebudd på, men blei positivt overraska over, at dette er så mykje meir enn ein enkel bilturfilm.

Wow-faktoren er til stades i fleire av episodane. Utover dette er det ein snev av innblikk i kor krevjande dette er for psyken til deltakarane, sjølv om dette ikkje er den sterkaste sida til serien. Måten vegen, naturen og livet til lokale folka dei møter på vegen er fanga er derimot ypparleg.

Bilde- og lydkvalitet ber preg av at mykje er filma med små kamera. Enten handhelde eller festa til hjelmar og syklar. Mykje har skjedd siden 2004, så kornete bilde og støy er det. Men den røffe stilen stadfestar også autensiteten, for mesteparten av turen er det Ewan McGregor, Charley Boorman og ein kameramann på ein tredje sykkel som er følge. Og serviceteamet som følger dei lengre framme, lengre bak eller på andre vegar er også synleg i deler av serien då dei spelar ei viktig rolle på intense etappar.

Er du glad i motorsykkel, biltur, Ewan McGregor, natur eller lite besøkte stader på film, så er Long Way Round for deg.