Looking for Alaska - Filmdagbok

Looking for Alaska 2019

Looking for Alaska er ein serie frå Hulu som i Noreg er å finne på HBO Nordic. Han handlar om ungdommar på ein internatskule. Året er 2005. Me følgjer Miles Halter i det han byrjar på skulen, og blir kjent med ei kjerne på fire personar.

Alaska blir spelt av den utflytta nordmannen Kristin Froseth. Charlie Plummer har blant anna spelt i Boardwalk Empire. Medan rektor på skulen, Timothy Simons, har utmerka seg i Veep.

Forutan å handle om det som skjer i livet til Miles, handlar dette om liva til dei som kjenner Alaska. Ho er delvis ei gåte, men på andre sider open. Serien består av ein sesong. Sesongen byggjer opp før og etter ei hending som me får sjå små glimt av i første episode.

Serien er laga av Josh Schwartz, som også står bak The O.C. og Gossip Girl. Tonen i denne serien er ein del annleis enn i dei seriane, med eit rolegare tempo og eit meir seriøst drama. Ein artig observasjon eg gjorde var at mykje av musikken som er brukt her, er låtar som han også brukte i episodar av The O.C. i 2004 og 2005.

Looking for Alaska har ein fin flyt og er interessant. Men serien når aldri toppen for meg. Eg invovlerer meg ikkje så altfor mykje i kjenslene til karakterane, sjølv om serien prøver mykje for å få meg til å gjere det. Eg legg merke til alvoret, men berre på avstand.