Lost - Filmdagbok

Lost 2004

Lost starta som ein knallbra serie. Eg blei fort hekta. Så kom andre sesong som i stor grad var prega av at lite matnyttig skjedde. Ein periode midt inne i sesongen gav eg opp å følge med på serien fast. Eg måtte spare opp nokon episodar for i heile tatt å få glede av å sjå på serien.

Serien sette etter kvart større krav til sjåaren. Fleire og fleire uforklarlege ting skjedde. Mange av dei blei aldri tatt opp igjen.

Men eg mista etter kvart interessa igjen, og gav meg i mitt forsøk på å sjå fjerde sesong.

Først etter nokon år med pause fullførte eg Lost. Mykje kan bli sagt, men det serien er best på er å dra ting ut og vingle fram og tilbake, fram og tilbake.

Det interessante med Lost er ideane og fantasien. I første sesong var det oppdaginga av ei ukjent øy og med mysterium. Mens dei to siste sesongane var ei god oppbygging av parallelle hendingar i ulike tider. Måten ting hang saman på var det som heldt serien gåande.

Halve serien kunne med fordelt ha blitt fjerna for å unngå keisemda. Greitt nok er jo greitt, men ikkje godt nok.