Louie - Filmdagbok

Louie 2010

Å komme på bana med eit Louie-innlegg etter fem sesongar er eigentleg å la sjansen gå frå meg til å skryte jamt fordelt over lengre tid. Louie har vore ein herleg serie frå første stund. Både som komedie og som drama.

Utan å sjekke så nøye tilbake, då det er ei stund sidan eg starta med denne, så innbiller eg meg at serien også har endra seg ein god del. Denne endringa har skjedd frå å vere meir direkte humor, til å bli dramatisk basert humor og lågmælt. Det er freistande å sei meir kunstnarisk og kanskje mørkare i tonen, då dette er kjente grep. Men eg tenker nesten det heller er meir daglegdags og like frekt og tullete som alltid, berre med eit meir alvorleg ansiktsuttrykk frå Louis C.K.

Då eg nyleg så femte sesong, som er årsaka bak dette innlegget, var eg litt skeptisk. Førre sesong var som alltid god, og bydde på sin eigen nye vri. Likevel er det sånn at eg trur ein serie har avgrensa levetid. Trass i at mange av mine favorittkomediar, deriblant Seinfeld, er gode i lang tid etter sin femte sesong. Poenget mitt er så enkelt som at femte sesong av Louie er både morosam, litt alvorleg, har sin eigen stil og går ned på høgkant. Denne sesongen som dei andre altså. Eg sit med ingen inntrykk av at det er nok. Og eg kunne lett sett ein god del til, om det fanst. Dette er kjensla eg vil sitte igjen med etter ein komiserie.