Love - Filmdagbok

Love 2016

Netflix-serien Love er ein romantisk komedie i serieformat. Han handlar om ei litt omgjengeleg kvinne og ein fyr som er meir nerd, men snur og vender på framstillinga av desse to karakterane. I det legg eg at serien går inn for å utfordre stereotypar, samtidig som formelen med tanke på handlinga består av klassiske utfordringar.

Love gir nok av gode karakterar og handling til å få eit fint driv på tvers av heile første sesong. Samtidig held også serien tilbake for ikkje å gå tom for tidleg. Dette har eg i grunn fått meir og meir sansen for i seriar. Har du noko bra, så er det ingen grunn til å komme seg fort vekk frå det.

I Love tykkjer eg at vekslinga mellom å vere skyldig og offer, i mangel på betre ord for å skildre situasjonane til våre to hovudpersonar, er god.

Eg likar også veldig godt vennene til hovudkarakterane, og miljøet rundt dei. Eg blir umiddelbart sjarmert av australske Claudia O'Doherty, som er min nye favoritt etter dette.