
Love, Death & Robots
Love, Death & Robots er ein antologiserie med stort sett animerte episodar. Det handlar ofte om teknologi, men er også innspel av episodar med meir mystikk eller filosofiske idear.
Kvaliteten på historiane varierer stort. Nokre episodar imponerer. Andre er kjedelege. Også nivået på animasjonen varierer. Frå å vere tilnærma fotorealistisk til å ha eit teiknefilmpreg. Nokre episodar er fem minuttar lange, mens andre er over tjue.
Spriket i første sesong blir tydeleg diskutert på Trash or Treasure (trashortreasure.blog). Skribenten rosar fleire korte historier og det kunstnariske uttrykket, men meiner andre episodar bruker vald og nakenheit på ein lite interessant måte. Rådet er å velje episodar etter smak. Eg er meir positiv til variasjonen som heilskap, men kjenner att at ikkje alt treff like godt.
Men variasjonen er nettopp det som gjer Love, Death & Robots til ein interessant serie å sjå på. Du veit aldri kva du får.
