Love Hina - Filmdagbok

Love Hina 2000

Rabu Hina, eller Love Hina, er ein japansk animeserie. Serien handlar om Keitaro Urashima som prøver å finne ei jente han gav eit løfte som barn, eit løfte om å få studieplass på Tokyo University.

Men denne fyren har ikkje bestått opptaksprøven som må til. Foreldra vil ikkje ha han heime lenger, og han flyttar inn hjå bestemora som driv eit bukompleks med berre jenter.

Dette er nesten utelukkande ein serie som består av fan fiction, innslag som stort sett appellerer til ei eller anna form for fantasi. Det er ein uskyldig serie på sett og vis, men handlar like fullt om ein fyr i et hus stappfullt av pene jenter.

Som så mykje anime eg har sett er dette interessant til eit visst punkt, men endar opp med å dryge etter kvart.