
Lovleg
I NRK-serien Lovleg følger me Gunnhild som har flytta til Sandane for å gå på vidaregåande skule. Ei forhistorie som det etter kvart moglegvis blir fortalt brotstykke av, er årsaka til at ho har flytta på hybel.
Gunnhild er ei rar jente som kan finne på snodige ting. Gjerne flaue greier som endar opp i merkverdige situasjonar. Det er direkte og ufiltrert, og nettopp det at serieskaparane ikkje skyr midlar gjer at Lovleg får eit minneverdig særpreg.
Dei flaue situasjonane blir meir slitsame for Patricia Smollerup på Filmmagasinet Ekko (ekkofilm.dk). Etter dei to første episodane meiner ho dei kjem så tett at Gunnhild blir vanskeleg å bli glad i, sjølv om miljøet har potensial. Eg ser meir av særpreget i den same friksjonen. Det direkte og ufiltrerte gjer serien minneverdig, og er noko av grunnen til at han står på eigne bein ved sida av SKAM.
Lovleg har blitt samanlikna med SKAM, då serien har blitt gitt ut på same måte som ein nettbasert serie. Og fordi serien handlar om elevar på vidaregåande skule og deira liv. Det er ikkje heilt feil å kalle det ein bygdeversjon av SKAM, men både karakterane, liva til dei og plasseringa er forskjell nok til at seriane blir ulike.
Eg likar Lovleg, og tykker det er artig å ein serie som er spelt inn på Sandane. Og der enkelte karakterar er frå heimstaden min.
Innlegget er skrive etter å ha sett dei to første sesongane av serien.
