Lykkelig gift ved første blikk - Filmdagbok

Lykkelig gift ved første blikk 2019

Lykkelig gift ved første blikk er ein kort serie om eit par frå femte sesong av Gift ved første blikk. Sara Jansson Ishqair og Joakim Aleksander Mäkiperä fortel om livet etter Gift ved første blikk.

Seks episodar på ti minuttar og fem episodar på tjue minuttar er små glimt frå livet deira. Kjøp av leilegheit, graviditet og prisutdeling er noko av det som skjer. Det er litt interessant som ei forlenging av den førre serien, men i seg sjølv er det ein rask og hasta produksjon i første sesong, som ikkje i seg sjølv klarar å etablere seg som noko eige då. Andre sesong handlar om fødselen og kjem tettare på, tydeleg fordi produksjonen har hatt betre tid.