Mad Dogs - Filmdagbok

Mad Dogs 2015

Fire venner reiser frå Chicago til Belize for å møte ein femte venn. Han som bur på Belize har gjort det stort og bur fint, og alt er vel og bra inntil historia brått tar ei mørk vending. I idylliske omgivnader utfoldar ein håplaus situasjon seg for dei fire vennene seg. Drap, narkotika, kidnappingar og meir.

Amazon-serien Mad Dogs er ein krimkomedie som er god, men ikkje blant det beste. Med tanke på stemninga er det nære, men eg tenker fort på Netflix-serien Bloodline og måten han fekk det til så mykje betre. Det skjer også litt for lite i Mad Dogs. No er det ikkje det behagelege tempoet og bruken av nydelege naturbilde eg reagerer på, men sjølve historia er viktig her, og har ikkje det ekstra ved seg som gjer han i overmåte interessant.

Første sesong av Mad Dogs er ei avsluttande sak, og kunne ha bydd på meir, men det blir det ikkje. Eg trur det kunne ha blitt bra, men er samtidig glad for at det ikkje får høve til å dra ut.