På topp var Mad Men blant det beste eg så på tv i ein periode. Men dette var i dei tidlege sesongane til serien. Sakte, men sikkert har kvaliteten og interessa gått nedover, og dei siste få sesongane har nærast vore eit pliktløp for min del.
Mad Men er serien om reklamemannen Don Draper (Jon Hamm), forretningsmiljøet og kollegaene hans. Og om forholdet han har til kona, barna og andre kvinner. Mannen er dyktig, men har ei mørk side ved seg, som i blant kjem til overflata, men stort sett bryggar under overflata.
I løpet av serien lykkast han i skape mykje frå botnen av, og det er her drivet i serien ligg. Det personlege livet hans går vel heller nedover, og imponerer mest i at det går så greit så lenge.
Etter kvart som serien har gått gjennom dei mest interessante poenga ved reklamebransjen eit par gonger så byrjar det å dryge, og det er nok difor eg mista interessa. Don Draper er i seg sjølv ikkje den mest interessante karakteren i verda, men fungerte godt når gode ting skjedde rundt han.
At eg vurderer serien som så god som eg gjer, er med utgangspunkt i den beste perioden. Sett i heilskap ut frå det eg veit no, så er eg likevel usikker på om eg ville ha sett serien på nytt, og om eg kan anbefale han vidare.