
Magnus
Magnus er ein norsk serie i seks delar, vist på NRK i januar 2019. Det er ein krim- og komiserie med overnaturlege element, politi, teknologi og snø.
Magnus er hovudpersonen, ein alternativ politimann som blir sett på som dum, og aldri sett til å løyse saker. Når mystiske ting byrjar å skje i bygda Frestad, går Magnus mot ordrane sine og set ut for å etterforske hendingane.
Serien klarar å bli ei heilt eiga greia. Det står mykje på det norske preget serien har, i form av plasseringar og kultur. I tillegg er språkbruken, og spesielt talemåten til Magnus, eit særpreg.
Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no) er endå meir begeistra enn eg. Han rosar Vidar Magnussen si komiske timing og meiner blandinga av mørk etterforsking, rare oppfinningar og det overnaturlege blir både frisk og sær. Det er mykje av det same særpreget eg likar. Sjølv når ingrediensane verkar kjende, får talemåten og det norske miljøet dette til å bli noko eige.
Eg har sett serien bli samanlikna med andre seriar frå dei siste åra, men tykker ikkje desse har vore passande samanlikningar etter å ha sett serien sjølv. Det finst både politiseriar, seriar sett til vinteren, politikomediar og etterforskingseriar med overnaturlege skapningar, men eventuell inspirasjon Magnus har henta unngår å bli tydelege hyllester.
Ein kort og god serie.
