Hopp til hovedinnhold
Plakat for Man Down (2013)

Man Down

Serie
3

Greg Davies er ein 203 cm høg skodespelar som har dukka opp i fleire britiske komiseriar eg har sett dei siste åra. Han stikk seg ut på grunn av storleiken, men også sitt gode anlegg for å formidle komedie.

Med Man Down har han også tatt styringa som serieskapar, i tillegg til å spele hovudrolla. Serien handlar om ein noko og 40 år gammal lærar, som ikkje har blitt heilt vaksen. Han leiger hjå foreldra sine, og har i første sesong akkurat mista kjæraste. Ho var lei av at han ikkje eingong kunne byte lyspære eller skifte klede.

Det er rom for mykje barnsleg humor i Man Down, men serien har også ei lun og god side ved seg. På botnen er den håplaust barnslege mannen eigentleg ein snill person, og dette kjem serien sovidt innom i blant. Nok til at me vil ha meir, men ikkje for mykje til at serien endrar karakter.

Barnslegheita er sjølve trekkplasteret meiner Time Out (timeout.com) i omtalen sin av første episode. Der får Greg Davies sine tullete klasseromsscener og nesten surrealistiske slapstick særleg merksemd. Eg likar også at det finst noko lunt under alle påfunna. Den håplause vaksne mannen blir lettare å følge når det går an å sjå ein snill person bak alt han ikkje får til.

I første sesong prøver mannen å vinne tilbake kjærasten sin, ved å løyse alle problema ho lista opp til han at var årsak til brotet. Det er patetisk, men også morosamt, og gjer første sesong av Man Down til ein fin serie å sjå ein episode av i ny og ne.

I dei neste sesongane toppar problema seg stadig vekk. Serien blir drygare, men ikkje nødvendigvis betre på håpet som fanst i første sesong. Det er det humoristiske som held serien gåande, på eit kurant nivå.