Hopp til hovedinnhold
Plakat for Man Stroke Woman (2005)

Man Stroke Woman

Serie
4

Man Stroke Woman er to sesongar med britisk sketsjhumor frå eit koppel på seks kjente komikarar. Blant andre Nick Frost og Ben Crompton.

Serien har mange gode innslag, og sjølv om eg ofte er litt kresen med tanke på program som baserer seg på sketsjar, og ofte tykker dei britiske er noko spesielle, så likar eg dette.

Det er sjølvsagt nokon kjedelege innslag her og der. Eg er kanskje litt raus med rangeringa av serien, men eg meinar det veg opp for at tida totalt sett gir ein del god latter.

Dei korte sketsjane gjer også dei svakare innslaga lettare å leve med. John Sinnott på DVD Talk (dvdtalk.com) meiner serien kjem raskt til poenget og går vidare før ein vits blir tøygd for langt. Han er endå meir begeistra enn eg er, men det er eit godt poeng når eg ser på heilskapen. Ikkje alt treng treffe like godt når det stadig kjem ein ny sjanse til å le.

Kva meir er det å seie om eit sketsjprogram? Det er ingen poeng i å oppsummere handling, anna enn å seie at dette er ein serie som prøver å gjere poeng ut av normale situasjonar og vanlege reaksjonar.