Marco Polo - Filmdagbok

Marco Polo 2014

I denne austlege og eksotiske Netflix-serien følger me personen Marco Polo i selskap hjå Kublai Khan i Mongolia.

Det mongolske riket er i sin gullalder. Men ein fiende har ikkje blitt overvunne enda, og det er ein by med høge murar. Khanen lid nederlag i forsøk på å erobre byen.

Historia er basert på eventyra til Marco Polo i austen. I tillegg til at eg ikkje har lest dei, er det også usikkerheit om kor mykje som faktisk er sant. Men han er uansett ein kjent figur, og historiene her er spennande.

Ein del av handlinga til serien går også før seg i byen til Khanen, og handlar om mange av dei ulike karakterar der. I tillegg til Polo og Khan følger me kone til Khanen, sønene hans, og nokon andre skjebnar. På denne tida var dette eit av sentra i austen, og ein smeltedigel av ulike kulturar og personar. Det er eit rikt og interessant rollegalleri som skildrar dette.

Serien har sine styrkar, men også sine svakheiter. Ein av svakheitene er at det eigentleg ikkje skjer så mykje, eller så mykje av interesse. Eller at me ikkje får eit djupt nok innblikk i det som blir fortalt. Eg tykkjer at serien skrapar i overflata på mykje, men unngår å verkeleg ta for seg noko. Det er nok klokt med tanke på å la serien kunne gå fleire sesongar.

Utover i andre sesong får serien ei meir samanhengande historie, men dette igjen går på rekning av evne til serien til å vise oss bredde. Tempoet forblir det same låge, og nivået på serien er kurant. Men verken første eller andre sesong er nokon høgdepunkt.