Marvel's Daredevil - Filmdagbok

Marvel's Daredevil 2015

Historia i Daredevil startar ei stund før Matt Murdock (Charlie Cox) får drakta si, men ei god stund etter han har lært å bruke talentet sitt til å slåst. Den raude tråden i første sesong er Wilson Fisk (Vincent D'Onofrio) som antagonisten og vondskapen, som vil reinske opp i Hell's Kitchen i New York for alt det pengane er verdt. Han skyr ingen midlar, har kontaktar og kjøper offentlege tenestemenn, og er ein farleg mann enkelt og greit.

Det er mykje bra her: Wilson Fisk, miljø og stemning, samanhengen i serien og hopping i tid fungerer, og det skjer mykje. Eg hoppar ikkje i taket på valet av skodespelarar, men dei passar godt nok inn til at eg ikkje lar meg skuffe heller.

Likevel er det eit eller anna som manglar. Eg sit med inntrykk av at det går litt seint framover. Det skjer mykje totalt sett, men ikkje nok heile vegen. Først når første sesong er i ferd med å bygge opp mot ei avslutting er eg godt fornøgd med drivet. Ei anna oppbygging kunne sjølvsagt ha vore heilt feil og gjort at ting gav inntrykket av å dra ut mot slutten, noko eg ikkje synst no.

Så akkurat kva som manglar har eg vanskeleg med å sette fingeren på. Det er nok småting her og der. Uansett er det berre snakk om det som manglar for å løfte sesongen opp på eit svært godt nivå.

Andre sesong er noko anna. Og dessverre ikkje så god som første. Det er ikkje ein overgripande ark av same kaliber, ingen Wilson Fisk på tvers av heile sesongen. Det er fleire interessante karakterar som dukkar opp undervegs, som The Punisher og Elektra, men det dempar ikkje saknet etter ein fiende som er ein sesong verdig.

I tredje sesong spelar Wilson Fisk igjen ei stor rolle. Det er meir interessant enn førre sesong, men i det store utvalet av seriar på Netflix, så verkar sesongen meir obligatorisk å fullføre enn som ny og frisk. Det er ikkje dårleg, men det er litt lite nytt. På grunn av at denne serien på sitt beste har vore god og engasjerande, så er det fint at han gir seg etter tre sesongar. Då er det berre andre sesong som kan seiast å ha vore svak.

Daredevil er i utgangspunktet god underhaldning som kan anbefalast på bakgrunn av første sesong, men som eg er i tvil om kan anbefalast vidare enn det. Så i skrivande stund vil eg heller anbefale den andre Marvel-serien frå Netflix, Jessica Jones.