
Marvel's Iron Fist
Iron Fist er ein Netflix-serie frå Marvel, sett til The Defenders-universet. Serien består av to sesongar, og er no avslutta.
Då eg såg første sesong i 2017, skreiv eg ikkje noko om serien. Eg gav han 2 stjerner, og såg meg aldri tilbake. Men eg gav serien ein ny sjanse då det var klart at andre sesong blei den siste.
Mitt inntrykk av første sesong var at serien var svak i skuggen av andre The Defenders-seriar som Marvel's Jessica Jones og Marvel's Daredevil. Men med andre sesong tykker eg serien har nok å spele på for å halde det gåande. Andre sesong er meir stabil, men har nok heller ikkje dei største høgdepunkta eller det mest interessante målet.
Andre sesong får òg meir ros enn den første på firewatersite (firewatersite.wordpress.com). Skribenten meiner kampane er meir dynamiske og historia meir fokusert, men peikar på mykje prating og ei avslutning som strekker seg langt. Eg finn òg ei klar betring, utan å bli særleg begeistra. Serien får meir å spele på, men manglar framleis dei høgdepunkta som kunne gjort han viktig å følge.
Etter å ha avslutta ein annan ferdig Marvel's The Defenders-serie nyleg, Marvel's Luke Cage, er dommen klar. Eg har ikkje vore i tvil, men først no skriv eg her at Marvel's Jessica Jones og Marvel's Daredevil er dei einaste av dei fem seriane som er verdt å sjå.
