Marvel's Iron Fist - Filmdagbok

Marvel's Iron Fist 2017

Iron Fist er ein Netflix-serie frå Marvel, sett til The Defenders-universet. Serien består av to sesongar, og er no avslutta.

Då eg såg første sesong i 2017, skreiv eg ikkje noko om serien. Eg gav han 2 stjerner, og såg meg aldri tilbake. Men eg gav serien ein ny sjanse då det var klart at andre sesong blei den siste.

Mitt inntrykk av første sesong var at serien var svak i skuggen av andre The Defenders-seriar som Jessica Jones og Daredevil. Men med andre sesong tykkjer eg serien har nok å spele på for å halde det gåande. Andre sesong er meir stabil, men har nok heller ikkje dei største høgdepunkta eller det mest interessante målet.

Etter å ha avslutta ein annan ferdig The Defenders-serie nyleg, Luke Cage, er dommen klar. Eg har ikkje vore i tvil, men først no skriv eg her at Jessica Jones og Daredevil er dei einaste av dei fem seriane som er verdt å sjå.