Marvel's Jessica Jones - Filmdagbok

Marvel's Jessica Jones 2015

Netflix satsar stort på Marvel, og Jessica Jones er i lag med Daredevil noko av det som kom ut i 2015. Serien handlar om ei kvinne som er etterforskar, og som me lærer at også har nokon superkrefter. Men denne delen av personen hennar er noko tona ned, mens den klassiske alkoholiserte og gretne personlegdommen som gjerne følger film noir og etterforskarar på film er meir synleg.

Det er denne dystre, film noir-aktige stemninga i lag med ei tøff kvinne og ein fantastisk god skurk som gjer Jessica Jones til ein av dei beste seriane eg byrja på i 2015. Og det såg ut til at serien kunne bli ein klar kandidat til å hamna på ei toppliste hjå meg, men nivået senkar seg litt etter kvart. Så totalen er ein god serie, men ikkje noko topplistekandidat.

Krysten Ritter er Jessica, og David Tennant er skurken Kilgrave i første sesong. Kilgrave kan få alle til å gjere som han vil ved berre å snakke til dei. Samtidig er han ein ustabil og fæl fyr, som likar å sjå folk dø og ha det vondt. Jessica er ein av dei han har såra, så hennar forsøk på å få has på han blir personleg.

Det var opningssekvensen som først fekk meg forelska i serien. Elles var ikkje første episode den mest fengjande, men serien tok seg straks opp til eit godt nivå etter dette. Med ei samanhengande historie som verken kjennest forhasta eller for seint.

Andre og tredje sesong byr på nye skurkar og nye sidehistorier. Dei er ikkje så gode som i første sesong, men likevel god underhaldning.