Luke Cage er den tredje Netflix-serien ut om ein karakter som inngår i serien The Defenders. Dei andre tre seriane er Daredevil, Jessica Jones og Iron Fist.
Eg hadde lite kjennskap til Luke Cage på førehand, men var blitt kjent med karakteren i hans framferd i Jessica Jones. Kva dette skulle handle om hadde eg ingen ide om.
Luke Cage imponerte ikkje stort i byrjinga, men er ein kurant og stabil serie på sikt. Han er i likskap med Daredevil og Jessica Jones ein serie om forsterka krefter, og ikkje om typiske superheltar. Cage er ein passe interessant karakter, og har tilsvarande interessante karakterar rundt seg.
I mangelen på å finne noko å skryte ekstra mykje av, så kan eg nemne at serien er noko interessant på grunn av staben som blir dominert av afroamerikanarar. Det blir ikkje gjort noko stort nummer ut av det, og nettopp det gjer han hakket meir interessant. Sidan det er noko annleis enn det vanlege.
I tillegg er stemninga som Luke Cage byr på noko for seg sjølv. Dei klarar på godt vis å skape eit miljø, og har musikk og ein visuell stil som forsterkar miljøet.
Eg har på førehand bestemt meg for å sjå det Netflix lanserer av Marvel-seriar under The Defenders-paraplyen, og må få fram at det var motivasjonen min for å byrje på Luke Cage. Og å halde fram med serien sin andre og siste sesong.
Å anbefale serien vidare kan eg ikkje stå inne for. Det finst mange andre seriar som er meir verdt å bruke tida på, også blant Netflix-seriar. Har du ei greie for Marvel eller for samanhengen denne har med til den betre serien Jessica Jones og litt betre serien Daredevil, så køyr på.