Master of None - Filmdagbok

Master of None 2015

Master of None er ein komedie med Aziz Ansari i hovudrolla. Iallfall i dei to første sesongane. Det handlar stort sett om livet til karakteren hans. Episodane har eigne tema, men heng kronologisk saman. Det er ein serie full av poeng, og i mange av dei god humor. Han er skodespelar, stort sett i reklamefilmar, og har ein fleksibel kvardag som gir serien rom for varierte og kortare historier. Det er romantikk i nokon av episodane, andre er meir lausrive frå den overordna historiearken.

Med tanke på stemning og tilnærminga til kvardagslege forhold kjem eg ikkje unna å samanlikne med serien Louie. Men Master of None gir inntrykk av å skape større avstand mellom Aziz Ansari som oppdikta Dev, enn Louis C.K. har til oppdikta Louie. Og serien Louie går også langt djupare i alvorlege episodar.

Etter første episode som for meg fungerte best som oppvarming, blei eg fort hekta på Master of None. Det tok likevel eit par episodar til før eg kan sei eg kom godt nok inn under huda på dei sentrale karakterane. Logisk nok ettersom dei første episodane varierer og brukar tid på å introdusere miljøet rundt Dev.

Eg får etter kvart stor sans for måten Dev og hans romantiske liv blir formidla. Dette er topp leveranse. Og måten serien tilpassar tidsrom til historie på, gjer det til meir enn den vante, langdryge seriestrukturerte romantikken.

Dommen etter første sesong frå 2015 er god. Skulle eg sei serien mangla noko så er det først og fremst meir alvor. Som komedie har dette lagt seg på ei fin linje. Åleine ville eg ha rangert første sesong 4/5.

Andre sesong frå 2017 var litt meir kunstnarisk, men framleis ganske god. Han held fram vidare omtrent som første sesong, med Aziz Ansari. Utover det har eg ikkje så mykje å tilføre anna enn at også denne sesongen opprettheld rangeringa på 4/5.

Men så, fire år etter kom det ein tredje sesong i 2021. Aziz Ansari er ikkje lenger hovudpersonen, men har berre ei birolle som dukkar innom eit par gonger. Denne sesongen handlar om livet til ei venninne av karakteren til Aziz Ansari. Sesongen har fått undertittelen Moments in Love, og framstår som ein kunstfilm frå 1980-talet, men med handling lag til samtida. Tematikk og innhald er interessant nok, det kunstnariske preget også. Men det går så vanvittig seint at eg blir fort lei. Nysgjerrig på slutten såg eg likevel gjennom heile sesongen.

Mi anbefaling er å gi seg etter andre sesong. Den tredje sesongen rangert åleine vel eg å gi 2/5. Noko som gjer at serien totalt sett får ei rangering på 3/5.