NRK-serien Maxitaxi Driver var ein eg kasta meg på å sjå, og blei ferdig med i løpet av eit par dagar. Det handlar om ein vaksen drosjesjåfør av stusseleg art. Han bur i kjellaren hjå mor si, går i gruppeterapi for pornoavhengigheit og blir sagt å vere litt overvektig.
Etter første episode var eg skikkeleg i tvil om dette var verdt å bruke tida vidare på. Det var noko med kombinasjonen av dystert til depressivt, ubehageleg, men realistisk, lite morosamt og utan særleg retning. Men eg gav likevel andre episode ein sjanse.
Og heldigvis tek serien seg litt opp. Nok til at eg ikkje kjenner på ubehaget som første episode introduserer. Men ikkje nok til at serien blir meir enn gjennomsnittleg underhaldande. Eg får heller ikkje heilt tak på kva serien har lyst å vere. Karakterane er litt vinglete. Dei har sine artige sider, og stykkvis er Maxitaxi Driver full av mange artige stunder. Men totalen slit eg litt med å bli fullstendig engasjert i. Eg har ingen problem med å sjå ferdig første sesong. Ein av fordelene med korte sesongar er at det blir som ein film totalt sett. Men no når eg skal skrive om serien, veit eg ikkje heilt kva eg skal framheve.