Mellem os som den heiter på TV 2, er eit norsk-dansk samarbeid av ein dramaserie. Eit norsk og eit dansk par utgjer dei sentrale rollane. Det norske er spelt av Nicolai Cleve Broch og Agnes Kittelsen.
Det handlar om ekteskap og samliv som ikkje går heilt bra. Det norske paret har ein son i skulealder, og eit forhold som ikkje lenger får så mykje merksemd. Dei er ikkje så på bølgelengde som dei var.
Det danske paret er i utgangspunktet lykkelege, men spørsmålet om å få barn byrjar ei splitting mellom dei.
Serien er midt på treet på det meste. At han er føreseieleg er heilt greitt. Men han er i blant irriterande langsam. Andre stunder treff han derimot godt med innslag som verkar ekte. Det beste eg kan kalle det er vel grei tidtrøyte. Når første sesong avslutta med dramatiske innslag som blei føresett, så opnar det for ein ny sesong.