Men in Trees - Filmdagbok

Men in Trees 2006

Men in Trees er ein av titlane som har sloppe forbi radaren min som sveipande har søkt etter nye seriar dei siste par åra. Tittelen har gitt meg assosiasjonar til streite drama eller teite situasjonskomediar. Då eg nyleg fekk meg til å lese eit kort samandrag bestemte eg meg likevel for å prøve å sjå han.

Å skildre serien som ei blanding av Northern Exposure og Sex and the City er passande. Sjølv fanga eg opp desse parallellane utan å ha komme over akkurat denne skildringa. Ho betyr her at me får ein porsjon avsideliggande småby i Alaska med sine hyggelege lokale figurar og forholdsrelatert New York-forfattarsnakk. Dette burde vere underbyggande nok for påstanden om likskapane andre har trekt.

Marin (Anne Heche) er ekspert på kjærleiksforhold og forfattar av hjelpande bøker på område. Då ho er innom Elmo i Alaska på foredragsturne for den siste boka si får ho vite på telefon at hennar trulova har vore utru. Dårlege transportforhold gjer at ho blir verande i Elmo eit par dagar ekstra, nok til å bli glad i plassen og bli verande der enda lengre mens ho stablar kjenslelivet sitt på beina igjen.

Slik blir me på linje med Marin introdusert for Elmo gradvis gjennom eit av dei mest brukte verkemidla i tv-bransjen, nemleg å sende ein ny person til ein ny plass. Det fungerer.

Tittelen Men in Trees skal gi eit bilde av kjønnsfordelinga i Elmo, prega av mannlege tømmerarbeidarar som det er. Ikkje rart Marin som kvinne blir glad i plassen som ho også ser på som inspirasjon til å skrive ei ny og anna bok enn planlagt med kunnskapane ho tillegg seg ved å konversere med ekte menn.

Elmo er ingen ekte plass, men ei romantisering av kva ein småby i Alaska kan vere, der alle kjenner kvarandre og byen er omgitt av vill og vakker natur. Her er det rom for bygdeoriginalar og jordnære karakterar som motstykke til Marin, ei kvinne som kunne ha vore henta ut frå ein av altfor mange New York-seriar om suksessrike kvinner. I Elmo glir ho godt inn og gir serien moglegheiter å knyte seg til små historier utanom Elmo i blant. Ho blir å legge merke til sjølv om ho ikkje er den mest originale tv-karakteren.

Men in Trees er ikkje det mest originale eg har sett, det er ein grei dramaserie med ein del hyggelege karakterar, intrigar nok til å gjere meg hekta, også har han slik lun, fin humor. På utføringa er det fleire ting å sette fingeren på, eg saknar mest ein betre innsats på klipperommet. Strukturen i heilskap er standard, men hoppinga mellom dei ulike karakterane i deler av enkelte episodar heng ikkje på greip rent tidsmessig og set seg som dårleg tenkt.

Av skodespelet er det ingen eg misliker, men heller ingen som utmerkar seg som verkeleg gode, det verkar å handle mykje om utsjånad, spesielt for gjesterollene.

Det negative tenker eg lite på når eg ser serien. Men in Trees er ein ganske grei sak å bli hekta på, det er ein koseleg serie, om sant skal seiast, forvent berre ikkje originalitet opp til øyrene.