Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mildred Pierce (2011)

Mildred Pierce

Serie
3

Eg har ikkje sett den første filmen, og kan ikkje samanlikne. Men eg vil anta at han er betre enn denne. For dette var noko midt på treet.

Serien strekk seg over fem episodar på til saman over fem timer. Lengda er den største svakheita. Dette kunne fint ha blitt trimma ned til under to timar, og vore ein god film eller mindre miniserie.

Produksjonen og skodespelet er godt. Det er i grunn lite å utsette på noko som helst her, bortsett frå alt som har med lengde, tempo, dosering, dødtid og så vidare å gjere. Og det held å skrape i overflata og gi seg med det, for eg kan ikkje anbefale å bruke så mykje tid på dette.

Den varsame regien verkar meir gripande for skribenten på I Screen, You Screen (iscreenyouscreen.blogspot.com). Ho meiner kameraet kan forsterke kjenslene ved å vende seg bort frå sjølve opptrinnet, og finn serien både underhaldande og givande. Eg anerkjenner handverket, men får mindre tilbake for tida. Dei fine vala endrar ikkje at denne historia kjennest altfor lang.